Som dagleg leiar får du ansvar for den daglege drifta og utvikling av selskapet i samsvar med gjeldande strategiar. Rolla krev gode leiareigenskaper, forståing for forretning og organisasjonsutvikling.
Stillinga tilsvarar 70%, men kan utvidast til 100% stilling for ein kandidat med rette kvalifikasjonar. Ynskja oppstartstidspunkt er 1. mars 2025, men det er ein stor fordel om du har moglegheit til å erfare deler av salgssesongen i år.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Utvikle selskapet organisatorisk og innan IKT i tråd med gjeldande strategiar.
- Utvikle selskapet til å bli eit nasjonalt føretak innan omsetning av juletre og plantesal.
- Planlegge og utvikle rådgivingstenester til juletrenæringa.
- Vere ein synleg og tydeleg representant for selskapet overfor næringa, kunder og samarbeidspartnerar.
- Planlegge, styre og følge opp vår prosjektportefølje
- Økonomistyring og personalansvar
Ynskjeleg erfaring/kompetanse/utdanning:
- Erfaring med å utvikle selskap/organisasjonar
- Erfaring frå juletrebransjen, skogbruks- eller jordbrukssektoren
- Erfaring innan økonomi og leiing
- God kompetanse innan IKT
Personlege eigenskaper:
- God til å kommunisere med juletrenæringa, kundar og samarbeidspartnerar.
- Påliteleg, fleksibel og løysningsorientert
Norsk Juletreservice AS er eit produsenteigd salgsselskap som leverer juletre til grossistar, kjeder, torghandlarar og eksport. Juletrea er produsert lokalt i Noreg av våre mange juletreprodusentar. Me forhandlar også juletreplanter til kundar i Sør-Noreg, og engasjerer oss i heile produksjonen frå planter til ferdige tre.
Vår forretningsverksemd føregår i ein marknad som er tett knytta til og påverka av den Europeiske marknaden for juletre og juletreplanter. Me har lang erfaring i bransjen og marknaden, og har over tid opparbeidd høg kompetanse innan juletreproduksjon. Selskapet held til i Hjelmeland og har i dag 4 tilsette